Home

google-site-verification: googlef4371ef1900041a3.html

Honning fra Hjorteland - Nettbutikk

Kvalitetshonning fra Hjorteland

Biene våre har fyke omlag 18.000 turar og besøkt 6 millionar blomar på Hjorteland (280 moh) for å fylle glaset på bildet med 250 gram honning. Garden vår har produsert mat i ulike former frå slutten av 1500-talet.


Kulturlandskapet i området er ei skattekiste for bier, blomar og lyng - med ein unik honning som resultat.

Åskapa gull av blomar

Å skapa gull av blomar. Det er det biene gjer, å skapa mat av gråstein og frå bratte teigar var det forfedrane våre har gjort på fjellgarden Hjorteland sidan 1500-talet, heilt frå forfar Mikkel Hjorteland si tid.

Det er hans initialar og gardens bumerke som får pryda dei første glasa med nyslynga heie-honning frå Hjorteland Gardsdrift. Dette er eit sameige som består av oss tre som er 12. generasjon på garden som ligg ovanom Ulladalen, 280 meter over havet.

Forfedrane våre dyrka ikkje berre korn og fødde husdyr i det bratte landskapet ovanom Ulla, dei bar også heim bører med reinsdyr, ryper og laks for å fø sine barnerike familiar. Dei skapte liv blant gråstein, desse menneska.

I nyare tid har garden produsert både lammekjøt og egg. I tillegg til juletre og kraft. Og nå er det altså på tide å leggja til noko søtt og gyllent, nemleg heia-honning, skapt av biene si fråtsing i millionar av blomar frå fjellgarden vår. Honning kan brukast til så mykje, mellom anna i teen, i marinadar og i bakverk. Og han kan reinsa sår. Me får tru Mikkel Hjorteland også ville likt denne særprega og fyldige søtsmaken, og gir oss eit godkjennande nikk frå landet bortanfor.

Å skapa gull av det som ser lite ut, det er det det handlar om, både på karrige småbruk og i livet elles.








INFORMASJON:


Sommerhonningen for 2021 er nå klar frå Hjorteland Gardsdrift. I år blir det Heia-honning sommer i 250 grams glas.  Det er venta at sortiment, varianter og volum vil verta utvida for komande sesongar.


Det er to val for frakt, pr. post eller kostnadsfri avhenting ved avhentingslokasjon. Det er i dag avhentingslokasjoner i Stavanger, Strand og Suldal kommune. Nærare orientering om dette blir gjeven i etterkant av bestilling.


Følg oss også på Facebook og Instagram.


Ris, ros, spørsmål og anna kan sendast til marked@smakavnorge.no.